
Eg er kanskje ein særing. Det får våge seg. Mi ærlege meining er at mai er den finaste skimånaden i fjellet. Ja, sjølvsagt må det vere snø. Men det er som regel ikkje noko problem her oppe på Kvennbøtæla. I år er det rikeleg med snø tretten dagar ut i mai. Og den kjem til å vare ei stund til.
I einsam majestet har eg innvilga meg ei langhelg på hytta. Opphaldet starta i går fredag, og varer fram til måndag eller tysdag. Seinast tysdag er det vel best å kome seg ned i sivilisasjonen. Mest for å sjå fotballrunden 16. mai på TV. Men så er det jo den 17. dagen etterpå. Da bør eg vere såpass politisk korrekt at eg deltar i feiringa, og ikkje sit åleine her oppe i snøen på nasjonaldagen.
Det har vore ein strålande dag på Tæla. I godveret måtte det bli ein skitur. Føret innover Tæla viste seg å vere aldeles prima. Turen over kvite vidder var ein sann fryd. «Store, hvite vidder, vind, jeg er fascinert av rommet, naturkreftene, kjenne at jeg lever», er eit sitat frå polfareren Liv Arnesen. Det er langt frå Kvennbøtæla til Sydpolen. Men ikkje lengre enn at det er lett å forstå kva Arnesen meiner.

På Veltret vart det rast i nesten ein time. Skitur i t-skjorte og oppbretta bukse på ein varm vårdag i fjellet. Fleire burde prøve det.
I det heile tatt, dette har vore ein storveges dag, toppa av at Molde slo Strømsgodset. Det går likar no. Krisa har forflytta seg nordom trøndelagsgrensa. Der passar ho eigentleg ganske godt.
No nyt eg kvelden inne i hytta. Gjennom glaset kan eg høyre søget frå Fossåa, som har opna seg mykje berre i løpet av dagen. Eg konkluderer med at så lenge ein har selskap av seg sjølv, er livet absolutt til å leve med. Så ser eg fram til at vi, når sommaren kjem, skal bli to i Tælastuå igjen.
Idet eg avsluttar denne epistelen, har sola forsvunne bak hyttenova. Kveldsfreden senkar seg over landskapet og eremitten. Som slett ikkje kjenner seg som nokon særing.

Skitur i vårvær. Vrenge av seg genseren, og sitte berre i t-sjorta å nyte vårsola. Har og opplevelser i skogen. Der vårsola bryt gjennom lette snøfnugg og skaper det vakrete lys. Ei fin tid 🙂
LikerLiker