Salmesong, vin og kortspel

Påskestemning i Tælastuå. Det er påskedagskveld i Tælastuå. Ei på alle måtar vellukka høgtid går mot slutten. Vi kan sjå tilbake på dagar med mykje sol, fine skiturar og triveleg besøk. I dag fekk vi regn og skodde. Men vêret stoppa ikkje det tradisjonelle påskedagstreffet på Tæla. Det kom ikkje over femti, som i 2005, … Les mer Salmesong, vin og kortspel

Sein vår – og sein start på hyttesesongen

Det blir sein start på hyttesesongen i år. Mars har vore slik som den alltid er - ein retteleg vintermånad. Men sjølv om eg og Mette så langt ikkje har vore på hyttetur, er provianten komen fram. Skuterføret såg ut til å reise sin veg i starten av mars, så det vart hastverk med å … Les mer Sein vår – og sein start på hyttesesongen

Naturkreftene er ikkje på lag med skisporten

Vil skiidretten overleve klimaendringane? Eg er ikkje den første som stiller spørsmålet. Vintrane kjem ubønnhørleg til å bli stadig mildare i åra framover. Ekspertar spår at vinteren, slik vi kjenner årstida, vil vere ein saga blott i Noreg mot slutten av dette århundret. Snøsesongen kan bli så mykje som fire månader kortare enn no. Eirik … Les mer Naturkreftene er ikkje på lag med skisporten

Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp

Seefeld. For meg er staden uløyseleg knytta til vinter-OL i 1964. Innsbruck var arrangørby for leikane, og i Seefeld, som ligg to mil lenger vest, gjekk alle øvingane i nordiske greiner. No skal alpelandsbyen arrangere ski-VM. Gamle idrettsheltar på papp. Skihopparane er øvst frå v. Hans Olav Sørensen, Toralf Engan, Thorbjørn Yggeseth, Torgeir Brandtzæg og … Les mer Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp

Ein ny hyttesesong i emning

Vi veg-, vatn- og straumlause hytteeigarar nærmar oss sakte ein ny sesong. Siste turen til Tælastuå i fjor var i slutten oktober. Om halvannan månad, eller der omkring, kjem den første overnattingsturen for året. Det er eit tidsskilje i livet og året. Ein draum. I snaue fem månadar må Tælastuå klare seg på eiga hand, … Les mer Ein ny hyttesesong i emning