Vi køyrde over Eidet den siste søndagen i januar. På Kvennbøkrysset stoppa vi for berre å sjå. Min barndoms grend i prektig vinterskrud – det var så utruleg vakkert. Ein gong i tida høyrde rikeleg med snø, kulde og vebju alle vintrar til. Ja, det var så vanleg at folk nok aldri tenkte over kor … Les mer Kor fint det er på Eidet!
Kategori: Barndomsminne
Den finaste fjorden
Hamna på Bølandet - sett frå Settemsøran. Dette var heimen til Kjell Bøe, ein av dei store heltane mine frå det legendariske fotballaget på 60-talet. Bøfjorden er den finaste fjorden på Nordmøre. Ja, han er blant dei vakraste i heile fylket vårt. Eg meiner å kunne uttale meg med ein viss pondus og autoritet. Få … Les mer Den finaste fjorden
Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp
Seefeld. For meg er staden uløyseleg knytta til vinter-OL i 1964. Innsbruck var arrangørby for leikane, og i Seefeld, som ligg to mil lenger vest, gjekk alle øvingane i nordiske greiner. No skal alpelandsbyen arrangere ski-VM. Gamle idrettsheltar på papp. Skihopparane er øvst frå v. Hans Olav Sørensen, Toralf Engan, Thorbjørn Yggeseth, Torgeir Brandtzæg og … Les mer Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp
Late dagar, ei øy og ein slåttekar
Det er ein døsig laurdag ettermiddag. Vi er midtvegs i årets Kreta-ferie. Mette har gått opp i leilegheita. Eg vil tru ho sit på verandaen og strikkar. Sjølv ligg eg på ei solseng på stranda i selskap med Edvard Hoem. «Slåttekar i himmelen» er prima ferielektyre. Det er greit å ha god tid når ein … Les mer Late dagar, ei øy og ein slåttekar
I eige selskap
Idet eg skriv desse linene, startar eg på fjerde døgnet som eremitt. Eg kom åleine fram til hytta tysdag. No senkar fredagskvelden seg over stølen. I morgon har eg tenkt meg tilbake til sivilisasjonen.Eg har levd livet sakte dei siste dagane. For ein som har sprunge om kapp med klokka i over førti år, er … Les mer I eige selskap
Terror og ei gammeltante
Seks år har gått sidan den vanvittige terroren mot regjeringskvartalet og Utøya.22. juli 2011. Eg hadde ferie og var på Tæla. Det var fredag, og denne kvelden skulle eg i eit vennelag på hytta til Klara og Torbjørn i Kvenndalen.Eg forlet Tælastuå seint på ettermiddagen. Da eg skrudde på bilradioen nede i dalen, forsto eg … Les mer Terror og ei gammeltante
Påskefeiring før og no
Familien på påsketur, truleg i 1968. Eg har alltid sett pris på påska. I vaksen alder gler eg meg til gode dagar i hytta på Tæla. I barndommen var det dagsturane på ski som gjorde høgtida så forlokkande. Sjølv om vi gjekk på ski kvar dag gjennom heile vinteren, frå slutten av november til langt uti april, … Les mer Påskefeiring før og no
Skihytta – eit godt barndomsminne
I dag må det store kampanjer, oppkøyrde løyper og merka stiar til for å få folk ut av godstolen. Slik var det ikkje da eg vaks opp. Dette bildet av Framtidhytta, som er tatt ein gong på siste halvdel av 60-talet, får meg til å tenkje på at idrettslaget med denne hytta gjorde ein stor … Les mer Skihytta – eit godt barndomsminne