Ferieturar før og no: Frå primus til seks rettar

Mitt første prospektkort. Motivet er Dombås. Snusfornuftig som eg var, prøvde eg å finne eit kort som ga god oversikt. Det var jo uvisst når ein kunne få sjå att ein plass som låg så langt unna. Ferietur. I oppveksten var ordet nesten omgjeve av ein slags eksotisk mystikk. Den årlege bilturen med to-tre overnattingar … Les mer Ferieturar før og no: Frå primus til seks rettar

Ferie på Kreta: Tida bestemmer farten

Vi er midtvegs i Kreta-ferien vår. Dagar går. Dagar kjem. Så langt har tida fått bestemme farten på tilværet. Vi har ikkje blanda oss borti. Berre levd. Platanias er vår perle. På denne kaotiske, søvnige, hektiske og sjarmerande staden, der ingen kommuneplanleggar kan ha sett sin fot på mange tiår, har eg og Mette slått … Les mer Ferie på Kreta: Tida bestemmer farten

Like bra som Mount Everest – bortimot…

Fossafjellet sett frå seterstølen på Kvennbøtæla. Den som ragar berre 786 meter over havet, har kanskje ikke så mykje å skryte av. Galdhøpiggen strekkjer seg tre gongar høgare mot himmelen, og den største av alle majestetar, Mount Everest, heile elleve gongar meir til vers. Nei, Fossafjellet gjer ikkje så mykje av seg, verken på globusen eller på … Les mer Like bra som Mount Everest – bortimot…

Eldbrenning og gebursdagsfeiring

Eldbrenning først på 60-talet. Bloggskrivaren lengst til venstre, og deretter Ingeborg og Otto Schwarzer saman med Ole Magne Ansnes. Lengst til høgre ein turist frå Tyskland, som kom på sommarbesøk saman med Schwarzer-folket. Han heitte Adolf, men insisterte på å bli kalla Dolf. Adolf-namnet var så belasta at han ikkje ville bruke det. Foto: Gudrun … Les mer Eldbrenning og gebursdagsfeiring