Seefeld. For meg er staden uløyseleg knytta til vinter-OL i 1964. Innsbruck var arrangørby for leikane, og i Seefeld, som ligg to mil lenger vest, gjekk alle øvingane i nordiske greiner. No skal alpelandsbyen arrangere ski-VM. Gamle idrettsheltar på papp. Skihopparane er øvst frå v. Hans Olav Sørensen, Toralf Engan, Thorbjørn Yggeseth, Torgeir Brandtzæg og … Les mer Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp
Kategori: Skisport
Var Kankkonen nedi med handa?
Veikko Kankkonen. Eg er klar for mitt 16. vinter-OL. Det første, leikane i Squaw Valley i 1960, må meg innrømme at eg ikkje har noko minne om - eg var berre fire år den gongen. Innsbruck-OL fire år seinare, derimot, sit som spikra i skolten den dag i dag. Hovedgrunnen er nok at vi … Les mer Var Kankkonen nedi med handa?
Hopping frå ein annan planet
Stor laurdag framfor fjernsynsapparatet. 1966 var eit stort år for norsk hoppsport. Bjørn Wirkola vann begge renna under VM i Oslo, og heilt på slutten av året starta han på si hittil uslåelege seiersrekke i Hoppuka. I tillegg sette karen frå Alta verdsrekord med 146 meter i Vikersund. Eg hugsar rekordhoppet som om det var i … Les mer Hopping frå ein annan planet
Ski-VM før og no
Frå ei over 50 år gammel utklippsbok. Bjørn Wirkola i svevet under ski-VM i 1966. Eit ski-VM byr ikkje berre på stor idrett. Ein slik meisterskap er også eit fint høve til å mimre. Vi som har følgd interessert med i skisporten gjennom nokre tiår har mange minne å ta vare på. Og vi har sett ei … Les mer Ski-VM før og no