Cortina d'Ampezzo. Postkortet vart kjøpt for 35 år sidan. Etter tre OL på stader som ikkje har noko med vinteridrett gjere, kan vi begynne å gle oss til OL i Cortina d'Ampezzo og Milano i 2026. Den italienske alpebyen Cortina d'Ampezzo, som også arrangerte vinter-OL i 1956, er rik på vintersportstradisjonar. Det ligg an til … Les mer OL i Kina er over – no er det på tide med ein ekte vinteridrettsfest
Kategori: Sport
OL-fest og ein pensjonist sine samtalar med hjernen
To skjermar her. Den tredje var opptatt med fotografering av dei to andre. Pensjonistlivet er ei praktisk ordning. Ikkje minst når det er OL. Spesielt vinter-OL har alltid interessert meg. På travle arbeidsdagar opp gjennom åra har det ikkje vore så enkelt å få med seg alt. No er den tida over. Eller rettare sagt: … Les mer OL-fest og ein pensjonist sine samtalar med hjernen
Hoppjentene er utsett for rein kvinnediskriminering
Skjermdump frå VG. Fredag 19. desember får kvinnehopparane endeleg starte sesongen. Det skjer i Ramsau i Østerrike. Rennet stod ikkje på den opprinnelege terminlista, men har på initiativ frå Østerrike kome i stand for å redde litt av stumpane av førjulssesongen. Deretter er ikkje neste konkurranse før 22. – 24. januar. Da vil herrehopparane ha … Les mer Hoppjentene er utsett for rein kvinnediskriminering
Sportsrevy 1955 – ei bok for livet
Eit klenodium å ha i bokhylla. Eg har lese nokre tusen bøker opp gjennom åra. Ei av dei første eg fatta interesse for, og som vart studert frå perm til perm eit utal gongar, var Sportsrevy 1955. Den stod i bokhylla heime, innkjøpt av vår sportsinteresserte far. Eg lærte meg å lese tidleg, og begynte … Les mer Sportsrevy 1955 – ei bok for livet
Fortent pris til Therese: Gjer klart for hets og snusfornuft
Skjermdump frå dagbladet.no. Therese Johaug får Egebergs Ærespris. Det er så rett. Og så fortent. Forståsegpåarane har forlengst krope ut av hi og huler med moralismen sin, med påstandar om at Johaug ikkje skulle ha vore tildelt prisen. Ho er jo tatt for doping. For juks. – Jeg mener de burde spart seg, er kommentaren … Les mer Fortent pris til Therese: Gjer klart for hets og snusfornuft
Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp
Seefeld. For meg er staden uløyseleg knytta til vinter-OL i 1964. Innsbruck var arrangørby for leikane, og i Seefeld, som ligg to mil lenger vest, gjekk alle øvingane i nordiske greiner. No skal alpelandsbyen arrangere ski-VM. Gamle idrettsheltar på papp. Skihopparane er øvst frå v. Hans Olav Sørensen, Toralf Engan, Thorbjørn Yggeseth, Torgeir Brandtzæg og … Les mer Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp
Fotball-VM i 52 år – og eit minne om Eusebio
Det blir VM-fotball i fire veker. Det er 52 år sidan eg følgde med på mitt første fotball-VM. England vann til slutt, men min store helt vart Eusebio frå Portugal. I åra etter 1966 har eg fått med meg det meste frå alle fotball-VM. Heltar har kome og gått. Men for meg kan ingen kan … Les mer Fotball-VM i 52 år – og eit minne om Eusebio
Stor nedtur – stor prestasjon
10000-meteren er berre to minutt gammal, og alt ser lyst ut. Etter at Marit Bjørgen og Daniel-André Tande hadde leverte varene i Holmenkollen, skulle søndagen toppast med norsk verdsmeister på skøyter i Amsterdam. Den første på 24 år. Eg rigga meg til i stolen. Etter den fabelaktige 1500-meteren, var forspranget til Sverre Lunde Pedersen så … Les mer Stor nedtur – stor prestasjon