Ferie på Kreta: Tida bestemmer farten

Vi er midtvegs i Kreta-ferien vår. Dagar går. Dagar kjem. Så langt har tida fått bestemme farten på tilværet. Vi har ikkje blanda oss borti. Berre levd. Platanias er vår perle. På denne kaotiske, søvnige, hektiske og sjarmerande staden, der ingen kommuneplanleggar kan ha sett sin fot på mange tiår, har eg og Mette slått … Les mer Ferie på Kreta: Tida bestemmer farten

Livet er ikkje det verste ein har…

Nordmørssommaren kviler tungt over Tæla i kveld. Det har regna, og skodda heng langt nede i fjellsidene. Eg har vore eremitt i Tælastuå sidan laurdag. Ikkje ei levande sjel har eg sett dei to siste døgna. Men like før eg kom hit, hadde ein fjellvandrar fare forbi. Han la att denne lappen i dørsprekken: Den … Les mer Livet er ikkje det verste ein har…

Inneklemt – men ikkje innestengt

Eg skriv denne epistelen fredag etter Kr. Himmelfartsdag. Den dagen som på moderne norsk er ein "inneklemt fredag". Ein dag da folk avspaserer, har heimekontor eller innvilgar seg sjølv ein fridag dei meiner å ha fortent. Sjølv høyrer eg inn under sistnemnde kategori, sjølv om det strengt tatt er opp til andre å avgjere om … Les mer Inneklemt – men ikkje innestengt

Salmesong, vin og kortspel

Påskestemning i Tælastuå. Det er påskedagskveld i Tælastuå. Ei på alle måtar vellukka høgtid går mot slutten. Vi kan sjå tilbake på dagar med mykje sol, fine skiturar og triveleg besøk. I dag fekk vi regn og skodde. Men vêret stoppa ikkje det tradisjonelle påskedagstreffet på Tæla. Det kom ikkje over femti, som i 2005, … Les mer Salmesong, vin og kortspel