Skjermdump frå VG. Fredag 19. desember får kvinnehopparane endeleg starte sesongen. Det skjer i Ramsau i Østerrike. Rennet stod ikkje på den opprinnelege terminlista, men har på initiativ frå Østerrike kome i stand for å redde litt av stumpane av førjulssesongen. Deretter er ikkje neste konkurranse før 22. – 24. januar. Da vil herrehopparane ha … Les mer Hoppjentene er utsett for rein kvinnediskriminering
Blikk på julehefta før og no: Det har vorte så mange at ein må tjuvstarte
Julehefte frå tider som var. Eg gjekk på ein smell i fjor, og vart sittande med uleste julehefte til langt uti januar. Forsettet i år er å ikkje kjøpe fullt så mange hefte, og i tillegg starte lesinga tidlegare. Difor er eg allereie i gang. Det kjennest ut som ein tjuvstart. Samstundes er det mykje … Les mer Blikk på julehefta før og no: Det har vorte så mange at ein må tjuvstarte
Sportsrevy 1955 – ei bok for livet
Eit klenodium å ha i bokhylla. Eg har lese nokre tusen bøker opp gjennom åra. Ei av dei første eg fatta interesse for, og som vart studert frå perm til perm eit utal gongar, var Sportsrevy 1955. Den stod i bokhylla heime, innkjøpt av vår sportsinteresserte far. Eg lærte meg å lese tidleg, og begynte … Les mer Sportsrevy 1955 – ei bok for livet
Fortent pris til Therese: Gjer klart for hets og snusfornuft
Skjermdump frå dagbladet.no. Therese Johaug får Egebergs Ærespris. Det er så rett. Og så fortent. Forståsegpåarane har forlengst krope ut av hi og huler med moralismen sin, med påstandar om at Johaug ikkje skulle ha vore tildelt prisen. Ho er jo tatt for doping. For juks. – Jeg mener de burde spart seg, er kommentaren … Les mer Fortent pris til Therese: Gjer klart for hets og snusfornuft
Historia om ein leiteaksjon: Plutseleg var telefonen borte…
Det meste var enklare før i tida. Da hadde ingen mobiltelefon. Telefonen var eit høgst stasjonært remedium, gjerne plassert sentralt i huset. Folk hadde ikkje høyrt om verken pinkode eller passord. Likevel er alt så mykje meir lettvint i dag – nettopp takka vere mobiltelefonen. Så lenge du veit kor den er. Dette er ei … Les mer Historia om ein leiteaksjon: Plutseleg var telefonen borte…
Eit ritual med politikk og gudsord
Åtte år med langpendling til og frå jobb fekk meg til å gjenoppdage NRK radio sine morgonsendingar. Når folk no spør meg meg om eg ikkje er glad for at det er slutt med all kjøringa, så kan eg ikkje svare eit blankt ja på det. Det er faktisk slik at eg tek meg i … Les mer Eit ritual med politikk og gudsord
Aldri fred å få for viruset
Nyheitsbildet 18. november. Dagane kan vere tungsame for tida. Sjølv for den som i utgangspunktet har lite å klage over her i livet, som underteikna, går det an å kjenne at denne pandemien syg energi og livsglede ut av kroppen. Viruset slo til for alvor i mars her til lands. Lite visste vi dei første … Les mer Aldri fred å få for viruset
Ei veke med absurd teater
Donald Trump gjev ikkje opp kampen om presidentmakta, sjølv lenge etter at valet er avgjort. (Faksimile frå Dagbladet) Som nybaka pensjonist har eg hatt god til til å følgje med på presidentvalet i USA – både dag og natt. Det vart ei veke med absurd teater. Mykje er sagt om Donald Trump. Konklusjonen min er … Les mer Ei veke med absurd teater
I svarte oktoberkvelden
Vinterleg oktober på Tæla. 6-7 centimeter med snø. 2,9 grader ute og 1,1 inne. Slik møtte Tæla meg i dag. Her oppe har vi ikkje «ring hytta varm». Og ikkje saknar eg slike avanserte installasjonar heller. For ingenting er betre enn å kome fram til Tæla i skyminga etter ein god marsj opp liene, fylle … Les mer I svarte oktoberkvelden
Kan ei kvige partere ein divan?
Ein fin dag, sjøl om opphaldet på hytta ikkje starta heilt som eg hadde venta. Spørsmålet kom kanskje litt bardus på deg, kjære lesar. Uansett: Svaret er ja. Det har seg slik at vi dei siste åra har hatt ein gammal divan liggande under hytteverandaen. Den skulle ha vore brent for lenge sidan. Men du … Les mer Kan ei kvige partere ein divan?