Slik har vi aldri hatt det før i Robinsonmarka 26. Truleg går det ei stund før det blir liknande tilstandar igjen Den siste halvanna veka har eg trøydd tida med snømåking. Etter ein stort sett snøfri vinter, opna alle himmelens sluser seg i starten av mars. Folk i Bud seier at det er veldig lenge … Les mer Mars er seg sjølv lik
Stikkord: Bud
På kvinnedagen: Ein hyllest til dei anonyme heltane
Fire av gardane på Kvennbø rundt 1958. Nærast heimen min Utigard (t.v.) og Austistua. Bak ser vi Gjeret (t.v.) og Litj-Kvennbø. Myra er av geografiske årsakar ikkje med på dette bildet. Tradisjonen tru vil kvinnedagen også i år vere fylt av fakkeltog, demonstrasjonstog, folkemøte og andre arrangement med likestillingskampen i sentrum. Eg gratulerer alle kvinner … Les mer På kvinnedagen: Ein hyllest til dei anonyme heltane
Hausten er meir enn ein fotballkamp
Kva ville vel hausten har vore her i Norge utan cupfinalen? Ikkje uventa var det den legendariske sportskommentatoren Arne Scheie som ein gong stilte dette spørsmålet. For mange fleire enn Scheie er nok ein haust utan cupfinale utenkeleg. Men i år skjer det altså. Cupfinalen 2021 skal ikkje spelast før 1. mai 2022. Til og … Les mer Hausten er meir enn ein fotballkamp
Sola, Hesteknatten og havet
«Jeg har ikke settkunstskattene i Eremitasjeneller Vinterpalasset i Leningrad,ikke Louvre-samlingene, ikkeMusée d’Art Moderne i Paris,men jeg har sett sola gå nedover Hesteknatten.» Orda tilhøyrer Hans Børli, og er henta frå diktet «Hymne til solnedgangen». Børli elska naturen, og eg tvilar ikkje på at han sette solnedgangen over Hesteknatten framfor alt anna gjevt og kjent som … Les mer Sola, Hesteknatten og havet
Tankar i ei rar tid – og ein dose med gratis koronamedisin
Det er stille søndag i ei rar tid. Så å seie over natta måtte vi innsjå at den trygge og vante kvardagen gjekk over i noko som ingen nordmenn i nyare tid har opplevd. Plutseleg vart det einaste sikre at alt er usikkert. For eigen del kan eg konstatere at turen til Vikersund denne helga … Les mer Tankar i ei rar tid – og ein dose med gratis koronamedisin
Ein landkrabbe i havgapet
Bud med sin ustyrlege nabo Hustadvika. Eit vakkert stykke Norge. Eg kan ingenting om havet. Like fullt bur eg ved havet. Hustadvika er det første eg ser når eg kjem ut av soverommet om morgonen, og det siste eg skimtar før mørket tek dagen frå meg. Livet er ein luring. Eg, ein landkrabbe som ein … Les mer Ein landkrabbe i havgapet
Sein vår – og sein start på hyttesesongen
Det blir sein start på hyttesesongen i år. Mars har vore slik som den alltid er - ein retteleg vintermånad. Men sjølv om eg og Mette så langt ikkje har vore på hyttetur, er provianten komen fram. Skuterføret såg ut til å reise sin veg i starten av mars, så det vart hastverk med å … Les mer Sein vår – og sein start på hyttesesongen
Klag ikkje på vinteren
Vinter i Robinsonmarka. Som det vintermennesket eg inst inne er, prøvar eg så godt eg kan å gle meg over dei vinterdagane som enno finst. Dystre klimarapportar og handlingslamma politikarar ber bod om sommar heile året. Sjølv her ute i havgapet er det vinter no. Eit kvitt teppe har lagt seg over vakre Bud. Da … Les mer Klag ikkje på vinteren
2018: Flytting til Bud og møte med musikklegender
Eg startar den første bloggen i det nye året med eit sitat fra den amerikanske forfattaren Dave Weinbaum, som seier: "Hemmeligheten til et rikt liv er å ha flere begynnelser enn avslutninger." Orda høver godt ved inngangen til eit nytt år. Vi avsluttar eit kapittel, samstundes som mange nye sider ligg framfor oss. I forvissinga … Les mer 2018: Flytting til Bud og møte med musikklegender