Ein fin dag, sjøl om opphaldet på hytta ikkje starta heilt som eg hadde venta. Spørsmålet kom kanskje litt bardus på deg, kjære lesar. Uansett: Svaret er ja. Det har seg slik at vi dei siste åra har hatt ein gammal divan liggande under hytteverandaen. Den skulle ha vore brent for lenge sidan. Men du … Les mer Kan ei kvige partere ein divan?
Stikkord: Fjellet
Sydenturen vart til ei veke på fjellet
Hyttekos på ein regnfull dag. Om fire dagar skulle vi ha vore på flyet til Kreta. Slik blir det ikkje. Koronaviruset har tatt kommandoen over liva våre. Så i staden sit vi no i hytta på Tæla. Her skal vi vere i åtte dagar. Det er vemodig å ikkje få treffe gode vener - både … Les mer Sydenturen vart til ei veke på fjellet
Luksus i julikvelden
Livet smiler framleis til eremitten i Tælastuå. Klokka er over ti, og eg feirar Bodø/Glimt sitt poengtap mot Stabæk med ein utsøkt skvett Kveik IPA. Ikkje det at eg ønskjer dette sympatiske laget frå nord noko vondt. Tvert om. Men det finst grenser for alt. Dei må gjerne ta sølv - bak Molde. Det vart … Les mer Luksus i julikvelden
Så kom regnet – men kva gjer vel det?
Vått og grått. Eg har montert meg i døropninga på hytta. Utanfor silar regnet ned, akkompagnert av ein torsmell i ny og ne. Før regnet kom fekk eg saga ned nokre vedstrangar. Dermed kan eg sitte her og filosofere med relativt godt samvit. Julidag i fjellet. Aleinedag. Ferien nærmar seg slutten. I tre døgn har … Les mer Så kom regnet – men kva gjer vel det?
Livet er ikkje det verste ein har…
Nordmørssommaren kviler tungt over Tæla i kveld. Det har regna, og skodda heng langt nede i fjellsidene. Eg har vore eremitt i Tælastuå sidan laurdag. Ikkje ei levande sjel har eg sett dei to siste døgna. Men like før eg kom hit, hadde ein fjellvandrar fare forbi. Han la att denne lappen i dørsprekken: Den … Les mer Livet er ikkje det verste ein har…
Ein liten innsats for kulturlandskapet
Vil det vere mogleg å gå over Tæla sommars tid om femti år? Eller har attgroinga gjort det som i dag er eit ope landskap til ein uframkommeleg jungel av kratt og småskog? Når eg vandrar i terrenget her oppe, hender det at slike spørsmål dett ned i hovudet. Den som lever får sjå. Men … Les mer Ein liten innsats for kulturlandskapet
Forsommartur til Fintenkjarplassen
Etter ein fredag med regn, sludd og vind, kom laurdagen med sol og temperatur til å leve med. Det vart frokost og popquiz - med Finn Bjelke, sjølvsagt - på verandaen og deretter tur til Fintenkjarplassen. Eg bruka god tid på turen opp. Ja, eg la inn ein omveg for riktig å ta inn over … Les mer Forsommartur til Fintenkjarplassen
Inneklemt – men ikkje innestengt
Eg skriv denne epistelen fredag etter Kr. Himmelfartsdag. Den dagen som på moderne norsk er ein "inneklemt fredag". Ein dag da folk avspaserer, har heimekontor eller innvilgar seg sjølv ein fridag dei meiner å ha fortent. Sjølv høyrer eg inn under sistnemnde kategori, sjølv om det strengt tatt er opp til andre å avgjere om … Les mer Inneklemt – men ikkje innestengt
Ein tung tur – men livet er ikkje så verst
Da vi kom fram til hytta, var vi einige om at det ikkje hadde vore ein fin tur. Slik kan mai også vere. Denne helga skulle vi på hyttetur, koste kva det koste ville. Veret stoppa oss for ei veke sidan, så no var det verkeleg på tide med ei hyttehelg igjen. Etter ein rekordvarm … Les mer Ein tung tur – men livet er ikkje så verst
Ein ny hyttesesong i emning
Vi veg-, vatn- og straumlause hytteeigarar nærmar oss sakte ein ny sesong. Siste turen til Tælastuå i fjor var i slutten oktober. Om halvannan månad, eller der omkring, kjem den første overnattingsturen for året. Det er eit tidsskilje i livet og året. Ein draum. I snaue fem månadar må Tælastuå klare seg på eiga hand, … Les mer Ein ny hyttesesong i emning