Før og etter. Foto: Ole Sæterbø. «Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad», heiter eit kjent ordtak. Så kan vi legge til: Ein blir glad av å motta god hjelp, også. Det går liksom to vegar dette. Eg fekk lyst til å gje verbal ros til nokre personar, som i … Les mer Takk til gode hjelparar: Omtanke gjer livet lettare
Stikkord: Friluftsliv
Vårleg idyll, men truande vind frå aust
I det fine vårveret har eg funne meg ein lunsjplass med panoramautsikt mot Hustadvika. Eg er privilegert, som bur berre ein liten trimtur unna herlegdomar som dette. Det er godt å sjå utover havet. Opplevinga er som når eg sit på hytteverandaen og kviler blikket mot store vidder og mektige fjell. I storslått natur blir … Les mer Vårleg idyll, men truande vind frå aust
Hausten er meir enn ein fotballkamp
Kva ville vel hausten har vore her i Norge utan cupfinalen? Ikkje uventa var det den legendariske sportskommentatoren Arne Scheie som ein gong stilte dette spørsmålet. For mange fleire enn Scheie er nok ein haust utan cupfinale utenkeleg. Men i år skjer det altså. Cupfinalen 2021 skal ikkje spelast før 1. mai 2022. Til og … Les mer Hausten er meir enn ein fotballkamp
Den vakraste tida i fjellet
Haust på stølen. Sanneleg går ikkje denne hyttesesongen mot slutten også. Ein månad til, så er vi ferdige for i år i Tælastuå. I alle fall når det gjeld overnattingar. Hytteboka fortel at vi på grunn av ein rekonvalesens i familien fekk ein litt treig start dette året. Men sidan juli har trafikken opp og … Les mer Den vakraste tida i fjellet
Innedag
Regnet silar ned i Trollheimen. Skodda heng langt nedover fjellsidene. Det har vore innedag på hytta. Heldigvis er eg og Mette av den sorten som ikkje bryr seg så mykje om veret. Så langt under dette opphaldet i Tælastuå har vi hatt tre dagar med brukbart ver og to med regn. Det får vere godkjent. … Les mer Innedag
Godt å leve for ein einfaldig eremitt
Høgsommar på Tæla. Det første julidøgnet er meir enn 19 timar gammalt når eg skriv dette. Her oppe på Tæla viser gradestokken framleis over 24 grader. Tidlegare i dag registrerte eg 25,4. Det har vore ein sommardag av dei sjeldne. På ein dag som denne blir det ikkje gjort så mykje. Eg rusla ein tur … Les mer Godt å leve for ein einfaldig eremitt
Vårsøg frå Fossåa
No er det vårsøg i fjellet. Gradestokken viser 24 varmegrader, og Fossåa renn stor og stri gjennom landskapet. Fossåa er Tæla sitt smykke. Sjeldan er ho vakrare enn på dagar som denne, da transporten av vatn frå topp og tind ut mot fjorden er på sitt travlaste. Eg ruslar ein tur langs elva og tek … Les mer Vårsøg frå Fossåa
Kvite vidder i april
Kalenderen viser 29. april. På Tæla er det framleis ein meter med snø. Det er fantastiske forhold for den som vil gå på ski. Men ikkje vent. Når varmegradane melder seg for fullt, kjem føret brått til å forandre seg. Eg vakna til seks kuldegrader i dag. Ikkje vårtemperatur, kan ein vel trygt seie. Men … Les mer Kvite vidder i april
I svarte oktoberkvelden
Vinterleg oktober på Tæla. 6-7 centimeter med snø. 2,9 grader ute og 1,1 inne. Slik møtte Tæla meg i dag. Her oppe har vi ikkje «ring hytta varm». Og ikkje saknar eg slike avanserte installasjonar heller. For ingenting er betre enn å kome fram til Tæla i skyminga etter ein god marsj opp liene, fylle … Les mer I svarte oktoberkvelden
Sydenturen vart til ei veke på fjellet
Hyttekos på ein regnfull dag. Om fire dagar skulle vi ha vore på flyet til Kreta. Slik blir det ikkje. Koronaviruset har tatt kommandoen over liva våre. Så i staden sit vi no i hytta på Tæla. Her skal vi vere i åtte dagar. Det er vemodig å ikkje få treffe gode vener - både … Les mer Sydenturen vart til ei veke på fjellet