Kyststien, med Bjørnsund i horisonten. Eg går ut i vårmorgonen for å få litt mosjon og frisk luft. Det er ein høgst vanleg onsdag. Skjønt, vanleg. Kva er ein vanleg dag for oss som bur her på svaberga heilt ut mot Hustadvika? Etter tre år som buaværing, har eg lært meg at her finst det … Les mer Kyststien: Havet, himmelen, lyset og vinden
Stikkord: Hustadvika
Sola, Hesteknatten og havet
«Jeg har ikke settkunstskattene i Eremitasjeneller Vinterpalasset i Leningrad,ikke Louvre-samlingene, ikkeMusée d’Art Moderne i Paris,men jeg har sett sola gå nedover Hesteknatten.» Orda tilhøyrer Hans Børli, og er henta frå diktet «Hymne til solnedgangen». Børli elska naturen, og eg tvilar ikkje på at han sette solnedgangen over Hesteknatten framfor alt anna gjevt og kjent som … Les mer Sola, Hesteknatten og havet
Myrullår i emning
Mange stader var 2016 eit myrullår utanom det vanlege. Det er mykje kvitt å sjå i år også, i alle fall her ute ved Hustadvika. På rabbar og myrer lyser det skinande kvitt. Myrulla er ei beskjeden plante. Ho har ikkje så mykje prakt å briske seg med. Men når myrulla løftar i flokk, blir … Les mer Myrullår i emning
Ein landkrabbe i havgapet
Bud med sin ustyrlege nabo Hustadvika. Eit vakkert stykke Norge. Eg kan ingenting om havet. Like fullt bur eg ved havet. Hustadvika er det første eg ser når eg kjem ut av soverommet om morgonen, og det siste eg skimtar før mørket tek dagen frå meg. Livet er ein luring. Eg, ein landkrabbe som ein … Les mer Ein landkrabbe i havgapet