Skjermdump frå Sunndal Energi sitt webkamera på Nesøya. Eg går inn på webkameraet til Sunndal Energi, og ser at Sula, Gråfjellet og Bollknubben badar i sol under ein knallblå himmel. Med palmehelga like om hjørnet, er det eit syn eg kan like. Det er torsdag. I morgon går turen til Tæla igjen. Før marsjen opp … Les mer Ny påske på Tæla, og eit stort mål er nådd
Stikkord: Hytteliv
Eit glimt av fredagslykke
Medan eg bladde i bildearkivet mitt ein kveld, kom eg over dette bildet. Motivet er kanskje ikkje så spektakulært. Like fullt fangar det ein augeblink som inneheld noko av det finaste eg og Mette veit. Vi har akkurat nådd fram til Tælastuå. Det er fredagskveld, og klokka er halv ni. Kveldssola forgyllar stølen. Bildet er … Les mer Eit glimt av fredagslykke
Den store reparasjonen er unnagjort – no ser vi framover
27. september 2021. Endeleg framme. «Guttetur. Kun ein påmeldt» står det under dette bildet på Facebook. Det dukka opp som eit minne, og fortel at eg 27. sepember i fjor var på Tæla-tur heilt for meg sjølv. I sju – åtte år har eg visst at hjartet på eit eller anna tidspunkt måtte få ei … Les mer Den store reparasjonen er unnagjort – no ser vi framover
Ein avlyst hyttesesong – og andre tankesprang frå reservebenken
Det var det herrens året nittensekstifemDet var så bratt at det var vondt å spise speileggOg juleposten den kom aldri fremFør nyttårsaften nittensekstifem I den elleville songen «Det året det var så bratt» frå 1971, har Øystein Sunde dikta opp eit år da bakkane var særs bratte. Om dei siste åra har vore like utfordrande … Les mer Ein avlyst hyttesesong – og andre tankesprang frå reservebenken
Takk til gode hjelparar: Omtanke gjer livet lettare
Før og etter. Foto: Ole Sæterbø. «Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad», heiter eit kjent ordtak. Så kan vi legge til: Ein blir glad av å motta god hjelp, også. Det går liksom to vegar dette. Eg fekk lyst til å gje verbal ros til nokre personar, som i … Les mer Takk til gode hjelparar: Omtanke gjer livet lettare
Hyttesesongen 2021: Mette klarte det!
Eit mål er nådd. Mette tilbake på Tæla! Hyttesesongen på Tæla er alltid fylt med små og store høgdepunkt. I år var det ingenting som toppa 8. juli, da Mette gjennomførte den første hytteturen etter kneoperasjonen. Ho hadde jobba lenge for å nå dette store målet. For ei glede det var, etter ein lang vår … Les mer Hyttesesongen 2021: Mette klarte det!
Den vakraste tida i fjellet
Haust på stølen. Sanneleg går ikkje denne hyttesesongen mot slutten også. Ein månad til, så er vi ferdige for i år i Tælastuå. I alle fall når det gjeld overnattingar. Hytteboka fortel at vi på grunn av ein rekonvalesens i familien fekk ein litt treig start dette året. Men sidan juli har trafikken opp og … Les mer Den vakraste tida i fjellet
Innedag
Regnet silar ned i Trollheimen. Skodda heng langt nedover fjellsidene. Det har vore innedag på hytta. Heldigvis er eg og Mette av den sorten som ikkje bryr seg så mykje om veret. Så langt under dette opphaldet i Tælastuå har vi hatt tre dagar med brukbart ver og to med regn. Det får vere godkjent. … Les mer Innedag
Godt å leve for ein einfaldig eremitt
Høgsommar på Tæla. Det første julidøgnet er meir enn 19 timar gammalt når eg skriv dette. Her oppe på Tæla viser gradestokken framleis over 24 grader. Tidlegare i dag registrerte eg 25,4. Det har vore ein sommardag av dei sjeldne. På ein dag som denne blir det ikkje gjort så mykje. Eg rusla ein tur … Les mer Godt å leve for ein einfaldig eremitt
Vårsøg frå Fossåa
No er det vårsøg i fjellet. Gradestokken viser 24 varmegrader, og Fossåa renn stor og stri gjennom landskapet. Fossåa er Tæla sitt smykke. Sjeldan er ho vakrare enn på dagar som denne, da transporten av vatn frå topp og tind ut mot fjorden er på sitt travlaste. Eg ruslar ein tur langs elva og tek … Les mer Vårsøg frå Fossåa