Nokre juleminne sit sterkare i enn andre. Dei er alltid like gjeve å ta fram. Alle åra har gjort glansen rundt dei ekstra forgylla. Gode minne er ein sterk ballast å bere på gjennom livet.
Stikkord: Jul
Draumen om ei sakte adventstid
Julegata på Øra 1965. Foto: Arnt Bergheim. Inni meg har eg alltid hatt ein tanke om å få leve adventstida sakte. Det er ein draum om ro og forventning. Her i huset er vi no to pensjonistar. Eg køyrer ikkje lenger over tusen kilometer i veka for å kome meg til og frå arbeid. Kveldsarbeidet … Les mer Draumen om ei sakte adventstid
«Tenn eit lys og finn fram ei god bok. Ja, gjer noko som er unyttig»
Det er siste formiddag i november. I morgon går vi inn i julemånaden, med alt det som den har å by på - frå julegåvekjøp og trivelege tradisjonar til meir trivielle gjeremål som vasking og anna styr. Utanfor vinduet lavar snøen ned. Bud er pynta i kvitt. Innandørs går pensjonistlivet på låggir. Vi har gjort … Les mer «Tenn eit lys og finn fram ei god bok. Ja, gjer noko som er unyttig»
No står Knut i døra, og jula må ut
Da er det tilbake til kassen på mørkeloftet for denne trivelege familien. På gjensyn i desember! Når er jula slutt? Denne epistelen er skriven på tjuandedagen, 13. januar, som frå gammalt har markert avsluttinga på jula ein del stader i Norge, Sverige og Finland. Heime oss oss likar vi å ha jula framme heilt til … Les mer No står Knut i døra, og jula må ut
Blikk på julehefta før og no: Det har vorte så mange at ein må tjuvstarte
Julehefte frå tider som var. Eg gjekk på ein smell i fjor, og vart sittande med uleste julehefte til langt uti januar. Forsettet i år er å ikkje kjøpe fullt så mange hefte, og i tillegg starte lesinga tidlegare. Difor er eg allereie i gang. Det kjennest ut som ein tjuvstart. Samstundes er det mykje … Les mer Blikk på julehefta før og no: Det har vorte så mange at ein må tjuvstarte
Farvel til nissane
Nedpakking av jula. Kaotisk medan det står på. Det er 12. januar og nittande dag jul. Vi har kasta ut jula i dag. Eller rettare sagt, vi har pakka ho ned. Her i garden fer ikkje juletreet ut gjennom dørene. Nei, det blir lagt i ei pappkasse, og så tek vi treet fram i same … Les mer Farvel til nissane
På ein flyplass kan du skue hunden på håra
Lite folk på Flesland i kveld. Flyet til Molde går ikkje før om eit par timar. Eg sit på Flesland saman med Mette. Vi har mellomlanda i Bergen, på veg heim etter julefeiring på Tau. Det har vore trivelege dagar for store og små. Vi gledde oss stort på førehand, og det er godt å … Les mer På ein flyplass kan du skue hunden på håra
Den problematiske jula
Nissen ein fredeleg kar, som så langt har klart å halde seg unna all støyen rundt julefeiringa. Rektoren ved Øye skule er oppteken av inkludering. Difor får ikkje elevane ved skulen synge «Deilig er jorden» ved juleavslutninga. – Det er på grunn av sangens forkynnende innhold. Øye er en flerkulturell skole med elever fra cirka … Les mer Den problematiske jula
Det kan da ikkje vere slik at kvaliteten på jula skal målast i mengde oppbrukt grønsåpe?
Litt anna utsikt frå heimekontoret enn elles i året. Heldigvis har eg ikkje mista evna til å glede meg til jul. No når eg har kome såpass opp i åra, bør det også vere håp om at denne barnlege forventninga ikkje slepp taket i kropp og sjel. Det er godt å ha noko å sjå … Les mer Det kan da ikkje vere slik at kvaliteten på jula skal målast i mengde oppbrukt grønsåpe?