Det gjekk berre slik måteleg for dei norske ulvane. Så sat vi der da, eg og Mette. Ho med strikkinga si. Eg med stemmeskjemaet for Melodi Grand Prix framfor meg. Vi hadde bestemt oss: Denne laurdagskvelden skulle vi sjå MGP-finalen. Og vi skulle gjere det skikkeleg. Etter å ha raljert med Melodi Grand Prix i … Les mer Melodi Grand Prix, Vasaloppet og Lars Monsen
Stikkord: Musikk
Farvel til ein helt. Ein gong fekk eg bære trommene hans…
To plater som begge er prega av Jon Christensen sitt karakteristiske trommespel. Det var den første jazzkonserten min. Eg hugsar ikkje om det var seinhausten 1972 eller etterjulsvinteren 1973. Det er heller ikkje så nøye. På scenen i aulaen på Tingvoll gymnas spela gitaristen Terje Rypdal, bassisten Sveinung Hovensjø og trommeslagaren Jon Christensen - tre … Les mer Farvel til ein helt. Ein gong fekk eg bære trommene hans…
Kor mykje liv kan ei LP-plate romme?
Tarkus har vore med meg i snart femti år. Coveret ber preg av levd liv. Spørsmålet datt ned i skolten på meg her ein kveld. Eg har nettopp investert i nye høgttalarar. For å teste ut lyden, sette eg på den plata eg har spelt mest sidan musikken fanga meg tideg på 70-talet: Tarkus med … Les mer Kor mykje liv kan ei LP-plate romme?
Kor smaklaus går det an å bli?
Dei heilage spelelistene styrer det meste av radiomusikken på NRK i dag. Listene ser ut til å vere ufråvikelege, uansett kva programmet handlar om. Alle program skal fyllast med «låtar». Når eg ikkje sluttar å irritere meg over dette, har det kanskje med alder å gjere. Eg veit ikkje. Men i alle fall er det … Les mer Kor smaklaus går det an å bli?