Skjermdump frå Sunndal Energi sitt webkamera på Nesøya. Eg går inn på webkameraet til Sunndal Energi, og ser at Sula, Gråfjellet og Bollknubben badar i sol under ein knallblå himmel. Med palmehelga like om hjørnet, er det eit syn eg kan like. Det er torsdag. I morgon går turen til Tæla igjen. Før marsjen opp … Les mer Ny påske på Tæla, og eit stort mål er nådd
Stikkord: Påske
Takk til gode hjelparar: Omtanke gjer livet lettare
Før og etter. Foto: Ole Sæterbø. «Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad», heiter eit kjent ordtak. Så kan vi legge til: Ein blir glad av å motta god hjelp, også. Det går liksom to vegar dette. Eg fekk lyst til å gje verbal ros til nokre personar, som i … Les mer Takk til gode hjelparar: Omtanke gjer livet lettare
Det håplause veret – og litt mimring om påska i gamle dagar
Jamnt dukkar det opp minne på Facebook. I dag vart eg møtt av dette bildet av Fossafjellet da eg klikka meg inn på fjesboka. Det er frå 10. april 2016 – andre laurdag etter påske det året. Overskrifta var: «Ein ny fin dag». I år er denne datoen palmesøndag. Vi har fått ein ny dag, … Les mer Det håplause veret – og litt mimring om påska i gamle dagar
Det normale er at alt er unormalt – og ein draum om vårskiturar i fjellet
Den nådelause framferda til mildveret den siste tida truar med å gjere dei som tenker seg til fjells i påska til fotturistar. Etter at Tælastuå vart koronastengt i påska i 2020, hadde eg sett fram til ei påskehøgtid og ein vår med fint skiføre i fjellet i år. Akkurat no ser det ikkje berre lyst … Les mer Det normale er at alt er unormalt – og ein draum om vårskiturar i fjellet
Heimepåske dag 5
Borti Bollknubben er det mykje rart å sjå. Vinteren har gløymt att kvite kyr i fjellet,der beiter dei i grøne hall.Men vårsoli og graset er for sterke,dei magrast for kvar dag. Desse orda tilhøyrer lyrikaren Olav H. Hauge, og utgjer heile diktet «Vinteren har gløymt att». Eg fann diktet da eg sat og las i … Les mer Heimepåske dag 5
Heimepåske dag 4
Eg forstår at vergudane bestemte seg for å sjå i nåde til oss som er ramma av hytteforbodet. Men no blir det nesten for mykje av det gode. Makan til verpåske veit eg ikkje om eg har opplevd. Det snør her ute i havgapet no i kveld. Ja, det snør visst overalt i fylket vårt. … Les mer Heimepåske dag 4
Heimepåske dag 3
Eksperimentet heimepåske held fram på tredje dagen. Sidan det skjer lite oppsiktsvekkande å skrive om frå denne rare notida, tenkte eg det kunne passe å bruke dagens epistel til å mimre om tider som var. Eg sat nyleg og bladde i nokre gamle album. Der dukka bilde frå påska 1967 opp. Rett nok står det … Les mer Heimepåske dag 3
Heimepåske dag 2
Svensk koronaekspertise på skjermen. Vind og regn, ein rygg som kranglar og koronanyheiter som rullar over skjermen i ein uendeleg straum. Ein får ta den langfredagen ein får. Sjølv om det ikkje akkurat er feststemning som rår i skolten - no er langfredag heller ingen festdag - så går eigentleg eksperimentet med heimepåske ganske bra. … Les mer Heimepåske dag 2
Heimepåske dag 1
Utsyn frå Sæterlia mot Nordviksula skjærtorsdag. Eg vart brått og uventa kasta ut i eit eksperiment. For første gong sidan 1992 skal eg feire påske på heimleg grunn. Eg veit ikkje heilt korleis denne nye situasjonen skal handterast, men er likevel optimist. Skjærtorsdagen har for så vidt gått greit. Det som på papiret skulle vere … Les mer Heimepåske dag 1
Påskehelga vi ikkje fekk
Påskestemning på Tæla. Det blir ikkje påske på Tæla i år. Eg skal innrømme at det tok litt tid å venne seg til tanken. Men no er alt greitt. Vedtaket om at vi som har hytte utanfor bustadskommunen må halde oss heime er lett å forstå. Ingenting er viktigare enn kampen mot koronaviruset. Verda er … Les mer Påskehelga vi ikkje fekk