Bjørn Wirkola vann to VM-gull i 1966. Vi er inne i ein hektisk VM-periode. Alpinistane og skiskyttarane er ferdige med sine meisterskap. No står nordiske greiner for tur. I alpint vart det gjennomført 13 øvingar, og i skiskyting 12. Verdsmeisterskapen i nordiske greiner har est ut til 24 konkurransar. Talet på meisterskapsøvingar har auka jamnt … Les mer Er glansen rundt VM like sterk som før?
Stikkord: Ski-VM
Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp
Seefeld. For meg er staden uløyseleg knytta til vinter-OL i 1964. Innsbruck var arrangørby for leikane, og i Seefeld, som ligg to mil lenger vest, gjekk alle øvingane i nordiske greiner. No skal alpelandsbyen arrangere ski-VM. Gamle idrettsheltar på papp. Skihopparane er øvst frå v. Hans Olav Sørensen, Toralf Engan, Thorbjørn Yggeseth, Torgeir Brandtzæg og … Les mer Ski-VM og gamle heltar på eit stykke papp