Cortina d'Ampezzo. Postkortet vart kjøpt for 35 år sidan. Etter tre OL på stader som ikkje har noko med vinteridrett gjere, kan vi begynne å gle oss til OL i Cortina d'Ampezzo og Milano i 2026. Den italienske alpebyen Cortina d'Ampezzo, som også arrangerte vinter-OL i 1956, er rik på vintersportstradisjonar. Det ligg an til … Les mer OL i Kina er over – no er det på tide med ein ekte vinteridrettsfest
Stikkord: Ski
Kvite vidder i april
Kalenderen viser 29. april. På Tæla er det framleis ein meter med snø. Det er fantastiske forhold for den som vil gå på ski. Men ikkje vent. Når varmegradane melder seg for fullt, kjem føret brått til å forandre seg. Eg vakna til seks kuldegrader i dag. Ikkje vårtemperatur, kan ein vel trygt seie. Men … Les mer Kvite vidder i april
Det normale er at alt er unormalt – og ein draum om vårskiturar i fjellet
Den nådelause framferda til mildveret den siste tida truar med å gjere dei som tenker seg til fjells i påska til fotturistar. Etter at Tælastuå vart koronastengt i påska i 2020, hadde eg sett fram til ei påskehøgtid og ein vår med fint skiføre i fjellet i år. Akkurat no ser det ikkje berre lyst … Les mer Det normale er at alt er unormalt – og ein draum om vårskiturar i fjellet
Da langrennseliten kom til bygda
På 60-talet var det ikkje ofte vi såg langrennsløparane på TV. Sett bort frå meisterskapa, måtte folk halde seg til radioen. No var det slett inga dårleg erstatning. Bjørge Lillelien bringa spenninga inn i stua på ein måte som gjorde at folk satt klistra til apparata. Ei femmil med intervallstart varte mellom tre og fire … Les mer Da langrennseliten kom til bygda
Sportsrevy 1955 – ei bok for livet
Eit klenodium å ha i bokhylla. Eg har lese nokre tusen bøker opp gjennom åra. Ei av dei første eg fatta interesse for, og som vart studert frå perm til perm eit utal gongar, var Sportsrevy 1955. Den stod i bokhylla heime, innkjøpt av vår sportsinteresserte far. Eg lærte meg å lese tidleg, og begynte … Les mer Sportsrevy 1955 – ei bok for livet
Påskehelga vi ikkje fekk
Påskestemning på Tæla. Det blir ikkje påske på Tæla i år. Eg skal innrømme at det tok litt tid å venne seg til tanken. Men no er alt greitt. Vedtaket om at vi som har hytte utanfor bustadskommunen må halde oss heime er lett å forstå. Ingenting er viktigare enn kampen mot koronaviruset. Verda er … Les mer Påskehelga vi ikkje fekk