Vinterleg oktober på Tæla. 6-7 centimeter med snø. 2,9 grader ute og 1,1 inne. Slik møtte Tæla meg i dag. Her oppe har vi ikkje «ring hytta varm». Og ikkje saknar eg slike avanserte installasjonar heller. For ingenting er betre enn å kome fram til Tæla i skyminga etter ein god marsj opp liene, fylle … Les mer I svarte oktoberkvelden
Stikkord: Tæla
Kan ei kvige partere ein divan?
Ein fin dag, sjøl om opphaldet på hytta ikkje starta heilt som eg hadde venta. Spørsmålet kom kanskje litt bardus på deg, kjære lesar. Uansett: Svaret er ja. Det har seg slik at vi dei siste åra har hatt ein gammal divan liggande under hytteverandaen. Den skulle ha vore brent for lenge sidan. Men du … Les mer Kan ei kvige partere ein divan?
Sydenturen vart til ei veke på fjellet
Hyttekos på ein regnfull dag. Om fire dagar skulle vi ha vore på flyet til Kreta. Slik blir det ikkje. Koronaviruset har tatt kommandoen over liva våre. Så i staden sit vi no i hytta på Tæla. Her skal vi vere i åtte dagar. Det er vemodig å ikkje få treffe gode vener - både … Les mer Sydenturen vart til ei veke på fjellet
Luksus i julikvelden
Livet smiler framleis til eremitten i Tælastuå. Klokka er over ti, og eg feirar Bodø/Glimt sitt poengtap mot Stabæk med ein utsøkt skvett Kveik IPA. Ikkje det at eg ønskjer dette sympatiske laget frå nord noko vondt. Tvert om. Men det finst grenser for alt. Dei må gjerne ta sølv - bak Molde. Det vart … Les mer Luksus i julikvelden
Så kom regnet – men kva gjer vel det?
Vått og grått. Eg har montert meg i døropninga på hytta. Utanfor silar regnet ned, akkompagnert av ein torsmell i ny og ne. Før regnet kom fekk eg saga ned nokre vedstrangar. Dermed kan eg sitte her og filosofere med relativt godt samvit. Julidag i fjellet. Aleinedag. Ferien nærmar seg slutten. I tre døgn har … Les mer Så kom regnet – men kva gjer vel det?
Alt blir bra igjen
Mailaurdag på Tæla. Sju månader har gått sidan eg sist overnatta i Tælastuå. Det er ein rekord eg gjerne skulle ha vore forutan. Men slik vart det i år. Korona, hytteforbod og så veke etter veke med umulege ver- og føreforhold tok heile første del av hyttesesongen. No har eg og Mette bestemt oss for … Les mer Alt blir bra igjen
Livet er ikkje det verste ein har…
Nordmørssommaren kviler tungt over Tæla i kveld. Det har regna, og skodda heng langt nede i fjellsidene. Eg har vore eremitt i Tælastuå sidan laurdag. Ikkje ei levande sjel har eg sett dei to siste døgna. Men like før eg kom hit, hadde ein fjellvandrar fare forbi. Han la att denne lappen i dørsprekken: Den … Les mer Livet er ikkje det verste ein har…
Eksplosjon i fjellet
Det er laurdag ettermiddag. Eg sit på hytteverandaen og ser utover eit landskap som i løpet av den siste veka har gjennomgått ei utruleg forvandling. For ei veke sidan lava snøen ned her, og alt var kvitt. Vi måtte bruke ski for å kome fram. I dag gjekk vi sommarstien til fots. Stølen er bar, … Les mer Eksplosjon i fjellet
Ein tung tur – men livet er ikkje så verst
Da vi kom fram til hytta, var vi einige om at det ikkje hadde vore ein fin tur. Slik kan mai også vere. Denne helga skulle vi på hyttetur, koste kva det koste ville. Veret stoppa oss for ei veke sidan, så no var det verkeleg på tide med ei hyttehelg igjen. Etter ein rekordvarm … Les mer Ein tung tur – men livet er ikkje så verst
2018: Flytting til Bud og møte med musikklegender
Eg startar den første bloggen i det nye året med eit sitat fra den amerikanske forfattaren Dave Weinbaum, som seier: "Hemmeligheten til et rikt liv er å ha flere begynnelser enn avslutninger." Orda høver godt ved inngangen til eit nytt år. Vi avsluttar eit kapittel, samstundes som mange nye sider ligg framfor oss. I forvissinga … Les mer 2018: Flytting til Bud og møte med musikklegender