Slik har vi aldri hatt det før i Robinsonmarka 26. Truleg går det ei stund før det blir liknande tilstandar igjen Den siste halvanna veka har eg trøydd tida med snømåking. Etter ein stort sett snøfri vinter, opna alle himmelens sluser seg i starten av mars. Folk i Bud seier at det er veldig lenge … Les mer Mars er seg sjølv lik
Stikkord: Vinter
Juleminne å ta vare på
Nokre juleminne sit sterkare i enn andre. Dei er alltid like gjeve å ta fram. Alle åra har gjort glansen rundt dei ekstra forgylla. Gode minne er ein sterk ballast å bere på gjennom livet.
Det normale er at alt er unormalt – og ein draum om vårskiturar i fjellet
Den nådelause framferda til mildveret den siste tida truar med å gjere dei som tenker seg til fjells i påska til fotturistar. Etter at Tælastuå vart koronastengt i påska i 2020, hadde eg sett fram til ei påskehøgtid og ein vår med fint skiføre i fjellet i år. Akkurat no ser det ikkje berre lyst … Les mer Det normale er at alt er unormalt – og ein draum om vårskiturar i fjellet
Kor fint det er på Eidet!
Vi køyrde over Eidet den siste søndagen i januar. På Kvennbøkrysset stoppa vi for berre å sjå. Min barndoms grend i prektig vinterskrud – det var så utruleg vakkert. Ein gong i tida høyrde rikeleg med snø, kulde og vebju alle vintrar til. Ja, det var så vanleg at folk nok aldri tenkte over kor … Les mer Kor fint det er på Eidet!
Naturkreftene er ikkje på lag med skisporten
Vil skiidretten overleve klimaendringane? Eg er ikkje den første som stiller spørsmålet. Vintrane kjem ubønnhørleg til å bli stadig mildare i åra framover. Ekspertar spår at vinteren, slik vi kjenner årstida, vil vere ein saga blott i Noreg mot slutten av dette århundret. Snøsesongen kan bli så mykje som fire månader kortare enn no. Eirik … Les mer Naturkreftene er ikkje på lag med skisporten
Klag ikkje på vinteren
Vinter i Robinsonmarka. Som det vintermennesket eg inst inne er, prøvar eg så godt eg kan å gle meg over dei vinterdagane som enno finst. Dystre klimarapportar og handlingslamma politikarar ber bod om sommar heile året. Sjølv her ute i havgapet er det vinter no. Eit kvitt teppe har lagt seg over vakre Bud. Da … Les mer Klag ikkje på vinteren