Kor mykje liv kan ei LP-plate romme?

Tarkus har vore med meg i snart femti år. Coveret ber preg av levd liv.

Spørsmålet datt ned i skolten på meg her ein kveld.

Eg har nettopp investert i nye høgttalarar. For å teste ut lyden, sette eg på den plata eg har spelt mest sidan musikken fanga meg tideg på 70-talet: Tarkus med Emerson, Lake & Palmer (ELP).

Medan eg lytta til plata, vart eg som vanleg sittande og sjå i coveret. Det er eit ritual som høyrer med. Informasjonen, bileta og illustrasjonane som ein kjenner så godt, blir liksom ein del av musikken. «Keith Emerson – Hammond Organ, St. Marks Church Organ, Piano, Celeste, Moog Synthesiser. Greg Lake – Vocals, Bass, Electric & Acoustic Guitar. Carl Palmer – Drums, Assorted Percussion» – det berre må lesast for å gjere musikkopplevinga komplett.

Åra på ungdomsskulen var ei musikalsk oppvakningstid. Vi var ein gjeng som begynte å få augene opp for det som den gongen vart kalla progressiv rock. Friminutta gjekk med til å diskutere musikk. Vi utforska og lærte av kvarandre. Pengar til å kjøpe plater var det smått med. Ei LP-plate på den tida kosta rundt førti kroner, som i dag kan reknast om til ca. 300 kroner. Men å bla i platene som sto i stativet på Samvirkelaget på Skei var gratis. Det var ein stad for draumar.

I niande klasse kjøpte eg Tarkus av ein kamerat. Det skulle bli det viktigaste platekjøpet eg nokon gong har gjort. Eg brukar å seie at musikken begynte med Tarkus. Plata lærte meg at musikk er mykje meir enn tre vers og refreng. Nye dører åpna seg inn til rock, jazz og klassisk. Eg har det aller meste av ELP i samlinga mi. I tusenvis av timar har eg lytta til trioen. No har Keith Emerson og Greg Lake gått ut av tida. Saman med Carl Palmer utgjorde dei noko av det aller ypparste som 70-talet hadde å by på. ELP flytta og sprengte grenser. Det var mykje å lære for den som tok seg tid til å følge med på reisa.

Eg skriv denne bloggen til tonane av In principo av den estiske komponisten Arvo Pärt. Når eg dei seinare åra har utvikla ei sterk interesse for samtidsmusikk og nyare klassisk musikk, kjenner eg meg sikker på at det aldri ville ha skjedd utan platene til døropnarane ELP i bagasjen.

Ei snart femti år gammel plata rommar mykje meir enn musikk. Slik var det at spørsmålet i overskrifta dukka opp da eg let Keith Emerson sin tangentkunst strøyme ut frå nyinnkjøpte høgttalarar. Eg hugsar første gongen eg spelte plata. Vi hadde ein enkel platespelar med keramisk stift. Lydanlegget var ein bandopptakar. Primitivt, samanlikna med det som kjem ut av eit moderne stereoanlegg. Men magien i mono, som Tarkus skapte heime i stua på Kvennbø, kan ingenting måle seg med.

I alle åra etterpå har Tarkus vore med meg – med musikken, minna og assosiasjonane. Det er mykje som dukkar opp i tankane når eg sit og ser i det gamle coveret med dei særeigne teikningane. Eg gjenopplever personar, hus og hendingar. Den tida som forma livet er så nært knytta til denne musikken. Plutseleg hugsar eg kva sigarettmerke vi smugrøykte rundt konfirmasjonsalderen. Tankar i fri flyt kan ta rare vegar.

Svaret på spørsmålet i overskrifta er: Ei plate kan romme mykje liv. Eit heilt liv, faktisk.

Les også: Vegvisaren er borte

Paintings: William Neal. Innsida av coveret på Tarkus.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s