Så kom regnet – men kva gjer vel det?

Vått og grått.

Eg har montert meg i døropninga på hytta. Utanfor silar regnet ned, akkompagnert av ein torsmell i ny og ne. Før regnet kom fekk eg saga ned nokre vedstrangar. Dermed kan eg sitte her og filosofere med relativt godt samvit.

Julidag i fjellet. Aleinedag. Ferien nærmar seg slutten. I tre døgn har eg Tæla for meg sjølv, før kvardagen nådelaust bankar på mandag morgon. Eg veit kva som ventar. Det blir tre veker med lange og travle dagar. Ferieavvikling i ei lita lokalavis er ingen spøk – for den som er på jobb.

Men så er det altså siste gongen. Ut på hausten ventar livet som pensjonist. Etter 43 hektiske år i media er eg spent på korleis det blir å ha kontroll over eiga tid.

Tilbake til Tæla. Det regnar altså, og temperaturen fell. Resten av denne feriedagen ser akkurat no ut til å bli våt og grå. Ja ja, så la gå med det. Eg har for lenge sidan lært meg å ta veret som det kjem. Det nyttar ikkje å gjere trivselen på ei fjellhytte avhengig av veret. No ser eg fram til ein kveld med god mat og drikke, fotball på radioen (måtte Molde vinne!) og etter kvart ei bok.

I det heile: Det er det enkle, gode liv som rår her oppe på Tæla. Kjem sola i morgon, er det ein fin bonus. Vaknar eg til regn, fell ikkje verda i grus. Tvert om.

Eg kjenner at tida for å lage mat nærmar seg. Diverre er eg så å seie fri for vatn. Det betyr ein tur bort til bekken. Lite freistande i dette veret, men eg må.

Sjøl den mest harmoniske hytteidyll har sine utfordringar å by på.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s