Den vakraste historia

Idretten gir oss mange vakre historier. Ei av dei vakraste fekk vi søndag 28. mars 2021, da Halvor Egner Granerud kunne løfte krystallkula over hovudet som synleg bevis på at han var vinnar av verdscupen i hopp.

Når alt kjem til alt, finst det berre tre idrettar: Skihopping, skihopping og skihopping. Andre greiner er for folk som manglar mot til å bli skihopparar. Det har eg alltid meint. Så når ein nordmann vinn den største premien i den gjevaste av alle idrettar, ja, da er det stas.

Det er altså berre eitt år sidan ein fortvila Halvor i eit intervju med NRK sa at han hadde mest lyst til å kaste skia og gå heim og legge seg. Ingenting nytta. Hoppkarrieren såg ut til å vere farleg nær slutten – nesten før den hadde kome skikkeleg i gang. Heldigvis gjekk det ikkje slik.

I staden ga Halvor oss eit idrettseventyr som vi aldri før har sett maken til. Eg har vore hoppinteressert i seksti år. Det har vore mange høgdepunkt, og flust med minneverdige renn. Men reisa til Halvor Egner Granerud er noko heilt for seg sjølv. Den er så spesiell, at trass i han så langt har lukkast i berre ein sesong, er det dette norsk idrettshistorie.

Ja, det vart litt av ei reise. Vi hugsar oppturane best. Men Halvor si ferd mot verdscupseieren handlar også om motgang og frustrasjon. Hoppuka gjekk ikkje som planlagt. I VM i skyflyging tapte han trofeet med knappast mogleg margin. Han opplevde å bli diska i Romania, og kunne ha hatt enda fleire førsteplassar med litt meir konsekvent dømming. Djupast var fallet i VM i Oberstdorf, der Halvor vart smitta av koronaviruset. Men 2021-utgåva av Halvor Egner Granerud gjekk ikkje og la seg når motgangen kom. Han reiste seg, og slo alle.

Korleis greide han det? Det veit han naturlegvis best sjølv. Om eg skal meine noko, må svaret bli at han etter år med motgang klarte å omsette det han verkeleg er laga av i sportsleg suksess. TV-dokumentaren viste ein gutunge med klare mål, talent, viljestyrke, karakter og sterke teikn til perfeksjonisme. Slikt skal det normalt bli ein god skihoppar av. Og det vart det.

Vi møter vidare ein kunnskapsrik og reflektert far, med begge beina planta på jorda. Der ligg ein viktig del av forklaringa. Det er eg sikker på. Bak uendeleg mange av dei store norske idrettssuksessane står kloke foreldre. Slik er det berre.

Vi som set skihopping framfor all anna idrett trengte denne sesongen. Å oppleve eit skihopp er i seg sjølv ei estetisk oppleving, uansett kor utøvaren måtte kome frå. Det er ikkje slik at nordmennene alltid treng å vinne. Men av og til må det stå ein norsk hoppar øvst på seierspallen. Ikkje berre for å tilfredsstille den harde kjernen, men like mykje for å stimulere til rekruttering og allmenn interesse for hoppsporten.

Hoppsesongen 2020/2021 er historie. Norge vann verdscupen individuelt og som nasjon. Vi er best – akkurat no. Om ein månad skal Halvor og dei andre hopparane ta fatt på oppgåva som ofte viser seg så vanskeleg både innafor idrett og på dei fleste andre område: Å gjenskape suksess. Eg har trua på at det skal gå denne gongen. Norge har i dag to hopparar som er gode nok til å vinne verdscupen. Det skal veldig lite til før vi plutseleg har fire – fem på det nivået.

Men akkurat no er det tid for å suge på karamellen etter ein makalaus jubelsesong, som ga oss ein verdscupvinnar som har rørt mange. Til Halvor: Sidan eg var gutunge har Bjørn Wirkola trona øvst i mi private rangering av skihopparar. No har han fått ein ved sida av seg. Sterkare får eg ikkje sagt det.

Bjørn Wirkola svevar mot sitt andre VM-gull i Holmenkollen i 1966.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s