Gode NM-minne – og ein streng doktor

Johan Sætre leverte to nær perfekte hopp under NM i 1982. Foto: Stein Berg, Østlendingen. (Bilde frå Nasjonalbiblioteket sitt arkiv).

Etterjulsvinteren 1964 hadde eg gledd meg i mange veker til å sjå hopp-NM på fjernsynet. Så vart eg sjuk og sengeliggande. Frykta spreidde seg verre enn feberen i kroppen. Ville eg kome meg opp av senga til rennsøndagen? Forma vart etter kvart såpass dårleg at dr. Sæther måtte tilkallast. Han knuste NM-draumen. Den myndige medisinmannen beordra guten til å halde senga til over helga.

Det var ein forferdeleg nedtur.

Som hoppinteressert i snart 60 år, har eg mange NM-minne. Dette er det dårlegaste. Seinare skulle det kome ei lang rekke med gode. Meir om det litt seinare.

I 1964 var statusen til norgesmeisterskapet, både i hopp og dei andre vinteridrettsgreinene, på høgde med dei mest prestisjeprega konkurransane i utlandet. Da World Cup kom, oppstod ein ny situasjon. I dag har nasjonale renn, norgesmeisterskapet inkludert, hamna i skuggen av World Cup. NM i stor bakke er nettopp arrangert i Holmenkollen som kveldsrenn på ein kvardag. Ramma var litt stussleg, for å seie det slik.

Likevel er det også i dag noko spesielt med NM. I ein normalsituasjon er det mange som kan kjempe om medaljar. Fleire enn på lenge, faktisk. Dessutan dukkar det alltid opp ei overrasking eller to. Det skjedde i år også. Det var ikkje langt unna at kombinertløparen Jarl Magnus Riiber vart norgesmeister.

Vi må akseptere at tidene forandrar seg. Samtidig er det ikkje til å unngå å bli nostalgisk ved tanken på den tida da NM i hopp gjekk for fulle tribuner på søndag ettermiddag. Avisene, Nå og Aktuell var fulle av hoppstoff både før og etter rennet. Eg vaks opp halvanna kilometer unna stoppestaden til skulebussen. På måndagar etter store renn og meisterskap sprang eg og bror min om kapp heim frå skulen. Kampen stod om å få vere den første til å kaste seg over Adresseavisen sine sportssider.

Eg starta denne epistelen med mitt dårlegaste NM-minne. Det kanskje beste skriv seg frå storbakke-NM på Rena i 1982. Johan Sætre vann med Olav Hansson og Roger Ruud på dei neste plassane. Det var vel omtrent etter programmet. Heilt uvanleg var derimot det raset av 20-tal som kom til å prege rennet.

Johan Sætre på veg mot NM-gull i 1982. Foto: Stein Berg, Østlendingen. (Bilde frå Nasjonalbiblioteket sitt arkiv).

Det starta i første omgang, da Johan Sætre for sitt hopp fekk 20 frå to av dommarane. I andre omgang vart Sætre belønna med 3×20 – han fekk dermed 5×20 i eitt og same renn – før Olav Hansson for eit strålande sistehopp fekk 20 frå ein dommar. Eg kan ikkje tenke meg at det nokon gong i historia har vore utdelt så mange 20-tal i eit norgesmeisterskap. Det var eit fenomenalt hopprenn.

Også storbakke-NM i Skui i 1965 har brent seg inn i minnet. Vi køyrde til Bøfjorden, der TV-forholda p.g.a. fri sikt til Reinsfjellet var perfekte, for å sjå rennet. Eg heldt med Bjørn Wirkola. Han såg lenge ut til å vinne. Men så slo Torgeir Brandtzæg til med eit kjempehopp i tredje omgang, og sikra seg seieren berre fire tidelar framom Wirkola. På dei neste plassane kom Ole Arntzen, Hans Olav Sørensen, Toralf Engan og Halvor Næs.

Torgeir Brandtzæg sitt kjempehopp i Skui i 1965.

Tre omgangar, der dei to beste hoppa talde, gjorde poengutrekninga komplisert og tidkrevjande. Eg har lest ein plass at Brandtzæg og Wirkola hadde det travelt med å kome seg heim til Trøndelag etter rennet. Dei visste at dei var nummer ein og to, men ikkje rekkefølga. Derfor tok dei med seg første- og andrepremien i bilen, starta på turen heim og fordelte pokalane da dei fekk vite det endelege resultatet.

Apropos tre omgangar og tidkrevjande poengutrekning: I Holmenkollen eit par veker etter NM i Skui i 1965 vart det svært jamnt mellom Dieter Neuendorf frå DDR og Lars Grini. Da Bjørge Lillelien avslutta radiooverføringa, var han nokså sikker på at Grini var vinnaren. I Dagsnytt ei stund etterpå fekk vi vite at Neuendorf hadde snytt nordmannen for seieren.

Dagens hoppsendingar er som eit eventyr samanlikna med alt dette. Vi får sjå farten på hoppet med det same hopparen fyk ut i lufta. Stilkarakterar og poengsum kjem opp på eit blunk, og vi veit heile tida rekkefølga. Hopparane stiller opp til intervju etter at dei har landa.

Det blir hevda at hoppsporten har vorte for komplisert, med vindmåling, poengkompensasjon og stadig endring på farten. Påstanden min er at alt dette, saman med reglar for skilengde i forhold til kroppslengde med meire, gjer at skihoppinga aldri har vore meir rettferdig enn i dag. Det finst sikkert dei som tykkjer at det var sjarmerande at Wojciech Fortuna kunne vinne storbakkerennet i OL i 1972. Men det var mangel på vindmåling og ei tilfeldig ekstrem oppdrift som ga polakken seieren, ikkje hans eigne ferdigheiter. Andrehoppet i rennet viste at Fortuna var ein middelmådig hoppar, som ikkje beherska bakken i det heile tatt.

Verda har gått framover. Men det er også veldig greit å ha med seg historia.

Det berømte hoppet til Wojciech Fortuna kan du sjå her.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s