Ein avlyst hyttesesong – og andre tankesprang frå reservebenken

Det var det herrens året nittensekstifem
Det var så bratt at det var vondt å spise speilegg
Og juleposten den kom aldri frem
Før nyttårsaften nittensekstifem

I den elleville songen «Det året det var så bratt» frå 1971, har Øystein Sunde dikta opp eit år da bakkane var særs bratte. Om dei siste åra har vore like utfordrande som Øystein Sunde sitt 1965, skal vere usagt. Men motbakke har vi i alle fall opplevd.

Koronaen snudde opp ned på alt, og ga oss fleire unntaksår. Ikkje før var vi ferdige med det verste pandemiåket, så kom krigen i Ukraina. Er det ein ting vi har lært sidan mars 2020, så er det at vi må slutte å ta alt for gitt. Eit virus, så lite at ein må ha spesialmikroskop for å kunne sjå det, kan vippe heile kloden av pinnen. Vi sender folk til månen og konstruerer dei mest avanserte datamaskiner, men er likevel så utruleg sårbare. Ein einsleg despot i Moskva er i stand til å endre heile det sikkerheitspolitiske bildet. Freden er ein skjør konstruksjon. Den tanken er det truleg lenge sidan dei fleste av oss har tenkt. Men no veit vi at det er slik.

Nei, verda er slett ikkje tilbake til det som vi kalla normalen før pandemien braut ut. Situasjonen har ikkje vore meir utrygg og ustabil sidan den kalde krigen. Her i Norge har høge prisar på straum og drivstoff, inflasjon, auka rente og stadig stigande matvareprisar skapt utfordringar som unge generasjonar aldri har vore borti – og som vi eldre kanskje trudde at ikkje skulle kome att.

Oppå alt dette er vi ikkje ferdige med koronaen.

Nettavisene har gitt oss tusenvis av oppslag som dette sidan 24. februar. (Skjermdump frå Dagbladet).

For eigen del har eg også fått oppleve at 2022 i stor grad blir eit nytt annleisår. For snart ti år sidan fekk eg vite at på eit eller anna tidspunkt må eg få meg ein ny hjarteklaff. I vinter bestemte kardiologen på Molde sjukehus at tida var inne til å gjere inngrepet. Alderen er den rette, meinte han, og helsa elles gjer meg godt rusta til ein operasjon. No går eg berre og ventar på innkallinga frå Olav den heilage i Trondheim. Den kjem kanskje i juli. Eg blir ikkje overraska om det drøyer til august. Framleis skaper etterverknadane av pandemien uorden i sjukehuskøane, kunne ei hyggeleg dame på St. Olavs nyleg fortelje meg.

Det er ikkje noko akutt. «Lågrisikopasient» var merkelappen eg fekk med meg frå St. Olavs etter ein omfattande runde med undersøkingar i vår. Likevel; det skal bli godt å få det gjort. Den gamle skrotten fungerer greitt i det daglege. Men den fysiske kapasiteten er langt frå slik den burde vere. Om nokon lurar på kor det har vorte av den svarte Passaten oppe på Hyldbakkan og Tæla-bilda på Facebook: Dette er forklaringa. Hyttelivet er sett på vent til etter operasjonen. Til gjengjeld har eg planar om å kome sterkt tilbake.

Etter ha gått opp og ned Kvennbøliene jamnleg dei siste tretti åra, skal eg innrømme at situasjonen er uvant. Heldigvis har eg ein viss evne til å tenke rasjonelt. I dei lysaste stundene greier eg til og med å sjå på meg sjølv som privilegert. Gjennom eit yrkesliv på 43 år var eg sjukmeldt kun tre gonger. I løpet av alle desse åra var eg borte frå arbeid i overkant av tretti dagar, sjukmeldingane inkludert. Når eg no treng ein reparasjon, får eg behandling av den fremste ekspertisen som finst i dette landet. Utover den skatten eg alltid har betalt med glede, kostar det ingenting. «Du kjem til å bli heilt frisk, og har like stor sjanse til å bli nitti år som alle andre», var ein annan beskjed eg fekk med meg frå Trondheim.

Kva har ein tilårskomen mann å klage over? Ingenting. Hyttebøkene viser at eg har oppheldt meg oppe på Tæla i rundt fire år sidan 1992. I den store samanhengen blir det ikkje noko anna enn ein bagatell når no truleg heile hyttesesongen ryk. Tælastuå står der og ventar. Tider skal kome.

Tælastuå står der og ventar.

Når du for ei stund blir sett på reservebenken og må innrette livet på ein annan måte enn kva du er vant til, blir det uvilkårleg til at tankemønsteret også endrar seg. Proporsjonar og perspektiv blir annleis. Ein klok kamerat av meg seier alltid at ein må gjere det beste ut av dei dagane ein får, og ta dei plagene og betennelsane som kjem. Det er ein god leveregel. Ja, kanskje er ein periode på reservebenken berre sunt for meg? Eg har i alle fall fått lære at det går an å ha eit godt liv utan at forma er heilt på topp. Heldigvis fanst det ein brytar som eg ikkje visste at eg var utstyrt med.

Som pensjonist med redusert effekt blir det til at ein ser ein del på TV. Eg har vel aldri fått med meg så mange nyheitssendingar og debattprogram som no. Forhåpentlegvis gjer dette nyheitskonsumet meg til ein klokare mann. Flaumen av sterke inntrykk som velt inn i stua er stor og stri. Det er mykje som skal fordøyast, og mangt som gjev grunn til ettertanke og uro.

Blant det som bekymrar meg mest, forutan krigen i Ukraina, er frammarsjen til nasjonalistar og høgreekstreme populistar verda over. Eg fryktar at Donald Trump skal hamne i presidentstolen ein periode til. USA framstår meir og meir som eit sjukt samfunn. Minst av alt treng dei ein like sjuk leiar. Konsekvensane av klimakrisa trer også stadig tydelegare fram, utan det det utløyser dei tiltaka som må til. Politikarane pratar, men utsleppa går ikkje ned. Verdas forskarar er så godt som eintydige på kva som vil skje, om ikkje dette endrar seg drastisk i løpet av kort tid. Tidsfristen for å avverge ei uoppretteleg katastrofe rykker nærare for kvar dag som går.

Mot dette bakteppet blir ein defekt hjarteklaff nokså uvesentleg. Eller for den del: Kva betyr det eigentleg om Søgne og Songdalen får gjenoppstå som eigne kommunar eller ikkje? Eg bryr meg i grunnen lite. Sjølv om det meir og meir grenser til det fascinerande å sjå korleis regjeringa vår synest å vere heilt ustoppeleg når det gjeld å skyte seg sjølv i foten. Ammunisjonslageret blir visst aldri tomt.

Plassert på reservebenken, blir ein flinkare til å sortere tankar. Eller er det alderen, og ein gryande forstand, som gjer seg gjeldande? Begge delar, kanskje. Eg merkar i alle fall at detaljar, dikkedarar og dilettanteri, i stort som i smått, interesserer meg enda mindre enn før. I følge historikar i den liberale tenketanken Civita, Bård Larsen, er eg da på rett kurs. I ein kronikk i VG skriv han:

Det er ikke så rart at mennesker som ellers har det godt glemmer at verden kan være ustabil og vond. Er du god og mett er ikke sult et tema. Mens verden ellers er full av ufrihet, krig og tyranni, pludrer vi om småsaker uten å tenke stort over rammeverket.

Skjønt «småsaker» høres arrogant ut. Det er mange kamper som er viktige, men den viktigste kampen av alle er den om frihet.

Uten demokrati, ingen kamper og ingen pludring.

Revidert nasjonalbudsjett – ein opphaussa kamp om småpengar.

I ei verd som blir stadig tettare samanvevd, ser vi meir tydeleg enn nokon gong at alt heng saman med alt, som Gro Harlem Brundtland ein gong sa. Ho lånte for øvrig ordtaket frå Lenin. Eg tykkjer det er interessant å følge med på både norsk og internasjonal politikk. Med åra har eg vorte mest opptatt av det som skjer ute på den globale arenaen. Fordi: Vi er inne i ei tid der det som skjer internasjonalt, ofte påverkar oss vel så mykje som beslutningar i storting og regjering. Stilt overfor vår tid sine truande og kompliserte utfordringar, står nasjonalstatane enkeltvis svakare enn før. Er det derfor den heimlege politiske andedammen meir og meir fortonar seg som, ja, ein andedam?

Her blir uvesentlege saker stadig vekk tatt ut av alle proporsjonar. Teikn til konflikt er det same som krise. Verda blir teikna i svart/kvitt. Forhandlingsresultat, som i realiteten berre få eller ingen vil merke noko til, blir framstilt som avgjerande kursendringar. Eg tenker t.d. på dragkampen om revidert nasjonalbudsjett, der det vart brukt mange veker på å kome fram til ein avtale som SV kunne akseptere. Totalt vart det flytta på 3,6 milliardar kroner. Det høyrest kanskje mykje ut. Men i den totale ramma for statsbudsjettet utgjer 3,6 milliardar ikkje meir enn om lag 0,25 prosent. Eller forklart på ein annan måte: Det handlar om 25 øre av ein hundrelapp.

Så fortener SV ros for å stoppe regjeringa sitt uverdige forslag til bistandskutt. Rett skal vere rett.

Det er mykje ein kan fundere på og reflektere over når ein ein sit på reservebenken og har god tid. No får sommaren bli som den blir. Sjølv om ikkje alt er som det brukar å vere, lever livet og hjartet slår. Dessutan bur eg på verdas vakraste plass. Når ein ikkje har fjella i Trollheimen å kvile blikket på, er Hustadvika ei fullgod erstatning.

Dagane er slett ikkje berre bratte. Langt ifrå. Dei er berre litt annleis enn kva eg hadde tenkt. Akkurat no.

Hustadvika – god å kvile blikket på.

Du kan lese Bård Larsens kronikk «Når tyranniet våkner til live» her.

En kommentar om “Ein avlyst hyttesesong – og andre tankesprang frå reservebenken

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s