Heimepåske dag 3

Eksperimentet heimepåske held fram på tredje dagen. Sidan det skjer lite oppsiktsvekkande å skrive om frå denne rare notida, tenkte eg det kunne passe å bruke dagens epistel til å mimre om tider som var.

Eg sat nyleg og bladde i nokre gamle album. Der dukka bilde frå påska 1967 opp. Rett nok står det berre årstal, ikkje noko om påske, under bilda. Når eg likevel er sikker på at dette er påskebilde, er det fordi vi hadde ein far som ikkje sløste med filmen. Vi gjekk skiturar heile vinteren, men fotografering var noko som kun høyrde påska til. Faren vår var ikkje den einaste som tenkte slik. På denne tida var det ikkje uvanleg blant folk at jule- og påskebilda hamna på same filmen.

Skihytta var eit populært utfartsmål.

På 60-talet gjekk turen ofte til skihytta til IL Framtid. Hytta var eit populært mål for skituristar i nedre Surnadal gjennom heile vinteren, og ikkje minst i påska var det mykje folk her. Dei mest brukte traseane opp til skihytta gjekk frå Øra, Sætergarden og Karlhaugen.

Vi som budde på Eidet gjekk opp frå Karlhaugen. Etter å ha gjort unna den tyngste delen av turen kunne vi skimte skihytta.
Rast ved Sjøasetervatnet. Artikkelforfattaren er på veg til Strengen.

Etter å ha fortært litt niste og ein kopp med buljong eller eit glas med appelsinsaft på skihytta, var det vanleg å fortsette turen mot Sjøasetervatnet og Strengen. Hugsar eg ikkje feil, rekna vi tre mil på turen Karlhaugen – Strengen tur-retur. No er det førti år sidan eg sist gjekk på ski i dette området. Mang ein gong har eg tenkt at det hadde vore triveleg å sjå dette terrenget att for å friske opp kjære minne frå barndommen.

Tradisjonen med å gå til skihytta på søndagar og i påskehelga døydde ut for lenge sidan. Folk har andre vanar og krav i dag. Skihytta var på mange måtar ein forløpar til Stikk UT. Tilbodet lokka folk ut på tur, og var slik eit viktig bidrag til styrking av folkehelsa.

Påsketur til Tæla. Artikkelforfattaren (11) og bror Ole Magne (enno ikkje fylt 9) poserer på Haukarstokken.

Eit anna obligatorisk turmål i påska var setra oppe på Tæla, der eg altså mange år seinare skulle vere så heldig å bli hytteeigar. Det var liksom noko heilt spesielt med Tæla. Ingenting var gjevare enn å gå ditt, sjøl om det ofte kunne vere tungt opp liene. Turen til setra var høgtid, og vart gjerne lagt til 1. påskedag. Eg trur faktisk ikkje det var tilfeldig.

Frå stølen gjekk vi ofte vidare til Fossafjellet. Løn for strevet var den fantastiske nedkjøringa. Optimal skiglede, da som no!

Tæla påska 1967. Den som er kjent i området, vil sjå at det har skjedd store endringar med vegetasjonen sidan den gongen.

Ja, det er mangt og mykje ein kan mimre om, der ein sit og kjenner på ein kranglevoren rygg og kikkar på gråveret. Men det skal kome betre tider. Snart er hytteforbodet oppheva. Da skal eg vandre opp liene mot Tæla – med lette steg og rak i ryggen.

Les Heimepåske dag 1 her.

Les Heimepåske dag 2 her.

2 kommentarer om “Heimepåske dag 3

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s